Det var lova at spretthoppen ved Lauvåbrua skulle bli utbetra før vinteren kom, og i går kveld skjedde det. Og som Lars Arne Bøe fra Veidekke sa det – «Veidekke kom føre vinteren». Iløpet av gårdagen var den gamle asfalten fjerna, og setninga som har oppstått etter siste storflaumen i 2003 er reparert. Etter utbetring og komprimering var det klart for asfaltering. I går kveld kom Veidedekke med 3-4 bilar med utstyr for asfaltlegging, og i løpet av ein stor time var det nytt og svart asfaltdekke.
For dei som trafikkerer forbi her med traktorar, lastebilar og bilar med tilhengar er nok eit stort irritasjonsmoment borte. På Todalsøra er også stikkrenne og samlekum reparert, og vart asfaltert seint i går kveld. Tidlegare har det vore reparasjon og asfaltering av stikkrenner på Kvennset og utover stranda. No som vinteren er i kjømda er det bra at dette er på plass. Det sett nok ikkje minst brøytarane pris på.