Måndag 11. september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet, var det val av nye medlemmar til soknerådet for Todalen sokn. Denne veka hadde det nye soknerådet sitt sitt konstituerande møte, for å fordele dei ulike verva.
Borghild B. Talgø er nyvalt leiar i Todalen sokneråd. Ho får med seg desse i det nye soknerådet:
- John Moe
- Kasserar: Ola Bruset
- Sekretær: Rune Moe
- Medlem: Anita Talgø
- Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
- Representant til Fellesrådet: John Moe
- Diakonkontakt: Borghild B Talgø
- KN kontakt: Anita Talgø
- Trusopplæringskontakt: John Moe
Det nye soknerådet trer i funksjon frå 1. november, og er valt for perioden 2023 – 2027.