Alle monner dreg sier Ola Kvendset og Emil Thorp som driv kantslått både på elvekantar, ekkerkantar og vegkantar for å samle grovfor til krøttera. Ola Kvendset er gardbrukar i Viastua, medan Emil Thorp er avløysar. I dag hadde dei litt ledig tid, og har altså samla litt fôr både her og der, og dei trur da at dei kan fø heile buskapen ein dag med det fôret dei har samla inn. Da kan ein seie at alle monner dreg!
Ola fortel at sol og mangel på regn har ført til stor fôrmangel på Kvennset. -Vi har berre mellom 40 og 50 % av normal avling etter 1. og 2.-slåtten i år. Det gjer at vi må redusere besetninga i vinter, men vi vil først prøve å få kjøpt ein del grovfôr frå andre plassar. Men problemet i år er at det er mangel på grovfôr over heile landet, og dermed er alle meir eller mindre i same båt.