I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julelysa for å lyse opp litt i adventstida. Det er postkassestativet mellom Øya og Dakota (tidlegare Tovbu) og Øyabrua, som dei siste åra har vorte lyssett i adventstida.
Det var 12 personar og tre firbeinte som fekk med seg tenninga av julelysa i Øyegrenda i kveld.
Dei som møtte opp fekk servert kaffe, gløgg og pepperkaker.