I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julegrana si. Julegrana står ved Øyabrua på Øyagrendsida, men pyntegjengen har også lyssett postkassehuset sitt med, slik at det også lyser opp no i adventstida.
Dei som møtte fram til julegrantenninga fekk servert gløgg, kaffe, bollar og kanelsnurrar. Det var også tent opp i bålpanna, slik at dei som ville kunne få varma seg litt medan dei åt og drakk.