Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det ligg kanskje an til tropenatt? Oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 27. juli 2018

I dag har vi nok hatt sommarens varmaste dag hittil.  På tidleg ettermiddag viste gradstokken 32,5 grader, og da føltes best å ha minimal fysisk aktivitet og rikeleg med drikke. Heldigvis er det rikeleg med kaldt vatn i Lauvåvatnet enno, så det er ingen problem med å etterfylle væske.

På vêrmeldinga frå yr.no var det faktisk meldt i overkant av 30 grader, men temperaturen skal etter kvart ende på 22 eller kanskje 21 grader på morgonkanten før det aukar på igjen. Og meldingane går faktisk på at det kan bli i overkant av 30 grader også på laurdag.

Det store spørsmålet er om det blir tropenatt eller ei? 
Tropenatt er ifølge norsk definisjon, en natt der lufttemperaturen ikke går under 20 grader celsius, og tropenatta går etter som vi forstår frå kl 20 på kvelden til kl 08 på morgonen.  Dersom du vi lese meir om tropenatt kan du klikke deg videre på linken til Wikipedia der vi har henta informasjonen.

Oppdatert:  Ingen tropenatt – temperaturen var i løpet av natta heilt ned på 16-talet, så dermed røyk den sjansen.  På Sunndalsøra derimot – i verksporten – vart det notert tropenatt, da temperaturen så vidt heldt seg over 20-talet gjennom heile natta. 

Først publisert: 27. juli 2018, 21:33 - Sist oppdatert: 28. juli 2018, 11:05