Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det ligg an til å bli ei skikkeleg slåttahelg

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juni 2016

På tur nedover til «Prærien» kunne ein i dag observere traktorar med slåmaskin elle ballpresser kring alle ekrer. Håvard Halset, som var først ute i år, starta for eit par dagar sia men no ser det ut for at alle er i aksjon Og det går ikkje an å klage på slåttevêret i allfall…

I Viastua er slåtten kårkallarbeid – Gudmund Kvendset med slåmaskina. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølv om det har vore litt regn innimellom dei siste dagane er det på langt nær nok, og derfor har dei fleste no sett i gang for å berge det som berges kan. Graset blir no slått og fortørka, før det bli pakka i ballar. Det er tildels stør areal som er slått, og det ligg nok an til ballpakking til langt på kveld før jobben er unnagjort.

Ballpressing_0764

Ola Kvendset i gang med ballpressing nedmed elvakanten. Foto: Jon Olav Ørsal

Ferdigslått2_0765

Heile arealet mellom Andersstua og Utigarden er klart til ballpressing. Her blir det nok seinkveld! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. juni 2016, 17:53