Det er vel inga hemmelegheit at fjorårets sesong vart tidenes dårlegaste sesong for villaksen – på landsbasis vart det teke 45.000 laks, medan det i Toåa vart teke 53 laks og aure – ein fangst på 158 kg. Det er den dårlegaste fangsten som er registrert. Det beste av dei fem siste åra er 2020, da det vart registrert 213 laks og aure på til saman 653 kg.
Oppdrettsnæringa får mykje av skulda for tilbakegangen, der det er peika på lusproblematikken, rømt laks og sjukdom. Men problemet er nok samansett – klimaproblematikken må også ta ein del av skylda. Det er iallfall ei kjennsgjerning av at det er ein tilbakegang i laksefisket på 70% dei siste 40 åra.
I Sverige er tilbakegangen enda støre enn i Noreg – heile 86 % på dei to siste åra – her er det snakk om kollaps i villaksbestanden.
Direktoratet for naturforvaltning varslar at dei vil kome med tiltak – det vil truleg skje i løpet av eit par veker. Det haster med å sette i verk tiltak for villaksen, dersom vi ikkje skal miste den. For dersom vi mistar den no, så er det ein stor risiko for at vi mistar den for godt trur ekspertane.
Nedafor kan du lese meir om villaksen og kva utfordring vi står ovafor dersom vi skal berge stumpane i våre lakseelvar i linken til Norske Lakseelver. Todalen elveeigarlag har lagt ned mykje arbeid for å verne om villaksen – leiar Stig Husby er spent på kva tiltak som blir sett i verk før ein ny sesong kan starte?