Torsdagar møtes ein ivrig gjeng knøttespelarar på Bordholmen for å trene på fotball. I år har det så langt vore rekordoppmøte av unge jenter og gutar frå førskulealder til og med 2. klasse.
Når vi var nedom som snarast banen i går var det skudd på mål som sto på agendaen, og keeper og trenar Ola Dalsegg hadde fullt opp med å hente ballar frå nota.