I ei årrekke har Todalen I.L. hatt for få deltakarar til å klare å stille lag i aldersbestemte klassar i fotball. Da har løysinga vore å fri til nabolaga og få til eit samarbeid for å klare å stille lag. Laga som det har vore samarbeidd med er først og fremst I.L. Søya, men også Kvass/Ulvungen og Surnadal I.L. – og no blir det A-lagsfotball igjen …
Knut Bergli som er leiar for fotballgruppa i Todalen I.L. fortel at dette har fungert bra, og han er no glad for at ny avtale er vel i hamn for komande sesong. Avtalen mellom Kvass/Ulvungen, Søya og Todalen er altså fornydd for sesongen 2017, og ekstra gledelig er det at det i år blir satsa på at herrefotballen skal få ei A-lagsatsing i dette samarbeidet (herrer senior 5.-divisjon). I tillegg er det lilleguttlag (G12), lillejentelag (J12) og småjentelag (J14) som er omfatta av avtalen.