Ein gardbrukars mareritt er metallboksar inne i foret. Håvard Halset opplevde dette for andre gong no i helga og er glad for at kyrne ikkje fekk dei inn i munnen saman med siloen. -Vi ser med jamne mellomrom groteske bileter på nettet kor kyr blir oppskorne i munn og svelg grunna metallboksar som har vorte kverna inn i rundballar. Dette ender stort sett med dødeleg utfall og er ei lita otte, seier Håvard. Alt som ligg i åkrane ved slåttetider blir naturleg nok kverna av knivane i slåmaskinen og pressa inn i rundballane.
Dei aller fleste er dyktige til å ikkje kaste frå seg søppel langs veg og på utmark, og eg håpar folk fortsett med det, oppfordrar Håvard. Det er lettvint å berre kaste i frå seg, men kan ha store konsekvensar for dyra. -Og det som ligg frå seg slengt i grøfta kan lett ende i åkrane med hjelp av vinden. -Ta derfor med søpla heimatt, eller dit du er på veg, så unngås dette.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/773B6C45-B7A1-4FEC-B5AE-1168CB0BE1D9-1200x900.jpeg)
Håvard Halset er glad for at kyrne ikkje våga seg på metallbitane som låg spreidd på tre ulike plassar forbrettet. -Heldigvis åt dei rundt dei, slik at dei vart liggjande att.