Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det går mot mørkare tider igjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2025

Det er berre såvidt at vi får teke knekken på Hønhalsen og vi får starte badesesongen, før det på ny går mot mørkare tider – og etter kvart ein lang og kald vinter.  Det skjedde faktisk laurdag morgon kl 04,42 og dermed vart det den 21. juni som vart årets lengste dag med ein daglengde på over 18 timar.

Det høres faktisk dystert ut at det alt no går mot mørkare og kaldare dagar, men vi skal forhåpentleg vis få mange fine sommardagar før den tid.  Kanskje vi til og med får eit glimt av 30-talet på gradstokken før sommaren set sluttstrek.  Let oss først nyte sommaren og ferietida som vi lenge har gledd oss til!

 

Publisert: 22. juni 2025, 06:52