Slik innleia iallfall organist Bernt Bøe, da han ønska velkomen til songkveld og kunne gratulere todalingane med den nye songboka. Søndag kveld hadde soknerådet invitert til songkveld for å gjera seg kjent med den nye songboka. Den er på heile 1455 sider og inneheld over tusen songar – både godt gammelt og ein del nytt som kanskje er godt. -Det er det slitestyrken som avgjer, sa han. På songkvelden deltok Todalskoret, Åskard kyrkjekor og i tillegg var Sigrid V. Bøe med og kasta glans over arrangementet. Ho går no på Operahögskolan og er heime berre ein snartur.
Bernt hadde førebudd seg godt til denne kvelden, og hadde mykje å fortelje om både songboka og dei som hadde produsert innhaldet. Songboka inneheld både vanlege salmar og songar, og er samtidig bønebok og inneheld liturgiar til ymse formål. Denne kvelden hadde han plukka ut eit utval songar som vart framførte med allsong eller korsong, og han ekperimenterte både med 2-stemt og 3-stemt song. Det var ein fryd for øret å høre korleis koret og ikkje minst Sigrid spissa denne songkvelden. Med Sigrid fikk vi også høre ein smakebit på den føreståande adventfeiringa med framføringa av eit stykke frå Händels «Messias».
Ildri Sjøland Øyen som er leiar i soknerådet rosa Bernt for arbeidet han har lagt ned for å få til sluke flotte kulturkveldar. – Slike songkveldar har stor verdi, og vi sett stor stor pris på at du vil være med oss, sa ho, før ho inviterte heile forsamlinga på kyrkjekaffe etterpå.