Det er stor aktivitet innafor fjøset i nestua på Halset. I ein lift er det eit par mann som jobbar på Telia-basen, og eit rindalsfirma jobbar med å få på plass forskaling og klargjering for stauping av fjøsmurar. Her skal fjøset forlenges for å gje plass til mjølkerobot og ny oppgradert basestasjon for Telia.
Håvard Halset som er drivar i dag fortel at han investerer for å få ein lettare kvardag – meir lettvint for å spare både tid og for å redusere dei tunge taka. I det nye fjøsbygget skal det altså monterast ein ny mjølkerobot som skal ta i mot kvoten på 180.000 liter som han har kvote på. Elles blir fjøset oppgradert for å fylle krava til lausdrift som kjem i 2034 og krav om eigen kalvingsbinge og eigen sjukebinge som kjem i 2024.
I samband med ombygginga av fjøset blir det også gjort ei oppgradering på Telias base for mobilnett. Her blir det no montert oppgradert utstyr som både har større rekkevidde og er litt raskare – basen blir og klargjort for oppgradering til 5G hevdar Telia. Det er er par mann frå firmaet Vinde Tilkomstteknikk frå Trondheim som har den jobben.