Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. april 2023

Det er eit sikkert vårteikn når pussemaskina dukkar opp for å samle inn igjen restar av strøsand og støv attpå vinteren.  Etter at det vart bart rundt vegkantane har vi opplev at store bilar har vispa opp mykje støv og lort.  En runde med pussemakina til Veidekke sørgjer for at støvplaga kjem bort. 

Ole Peder Holten frå Veidekke pussa opp etter sandstrøinga i vinter. Foto Jon Olav Ørsal

Det var Ole Peder Holten frå Veidekke som i dag pussa og støvsuga fylkesvegnettet inn til Todalen og rundt bygda, slik at vi blir kvitt støvplaga.  Etter vêrmeldinga på yr.no trudde vi kanskje det var større sjanse for at det var brøyteplogen som vart mobilisert i dag, men det var heldig vis ikkje nødvendig.  

Bjørgulf Øyen var også ute med riva, men han gjorde nok ein innsats for å feie framfor eiga dør og var ikkje engasjert av Veidekke. 

Bjørgulf Øyen var oppteken med å feie framfor eiga dør. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. april 2023, 12:33