Songteksta til Gluntan er stadig like aktuell – det er faktisk mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn. Leiar i Nordvik grendalag har tømt søppelsennen han samla mellom Svinvika og Nordvik, og viser at det er nyttig å samle søppel rundt vegkantane. Nordvik Grrendalag hadde aksjon måndag kveld for å rydde til 17. mai og for å rydde vekk alt søppel som har vorte liggande i løpet av vinteren.
Odd Arild skryter av sambygdingane som har vore med og rydda både på leikeplassen i Sollifeltet og i området rundt Forsamlingshuset. Han tykkje ogs det er positivt at det blir mindre søppel år for år. Det er tegn på at folk er meir bevisst på forsøplingsproblematikken. Mykje av søppelet som vi finn rundt vegane er flasker og bokser for brus og øl. Dette blir sjølvsagt panta, og gir nokre kroner i kassa til laget, men det er og viktig å få det vekk frå naturen så det ikkje kjem til skade for folk og dyr.
Dermed kan vi også oppførdre deg og til å rydde i vekantane der du bur – både for å få det fint og ryddig og for å få vekk søppel som lig og sleng!