Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er jammen snart jul igjen!

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. oktober 2023

Sjølv om det er to og ein halv månad til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalende. For fjorårets adventkalender med trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess.  Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal kjøre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa. 

Det vil seie at du kjøper «lodd» for kr 100 pr stk, og er med på trekningane kvar dag og på alle gevinstane.  Kor mange gevinstar det blir det bestemmer gjevarane – i fjor vart det både 2, 3 og 4 gevinstar pr dag. Det blir iallfall minst ein gevinst pr dag.  Gevinstane blir trekt kvar dag, og vinnarane blir annonsert på Todalen.no – dag for dag.

Vil du være med og «donere» ein eller fleire heimlaga gevinstar av eit eller anna slag, så er det berre å ta kontakt med Anita, Lars, Torill eller Sissel i Trimgruppa for å avtale detaljar som henting/levering osv.

Så er det berre å ha Vippsen klar til salet av adventkalendrar startar!

Publisert: 4. oktober 2023, 13:54