Brørne Hallvard og Odd Magne Haugen var i dag i full gang med å lage nytt tak på uthuset i Steinarstua. Nye sperrer og nytt ståltak skal på plass og så skal det monterast solcellepanel på takflata mot sør. Dei to er siste rest av Byggfirma Olav Haugen og dei to einaste tilsette.
Størrelsen på firmaet kan vi ikkje konkurrere om, men erfaringa er det kanskje ingen som konkurrerer om med oss. – Vi kan skilte med heile 95 års erfaring i firmaet, gliser Hallvard. Han starta i firmaet til faren da han var ferdig på ungdomsskulen og kan dermed skilte med 50 års erfaring. Odd Magne ligg ikkje så langt etter han heller, men må nøye seg med 45 år med hammar og sag.
Dei to brørne vil halde det gåande litt til, men veit ikkje kor lenge. Dei konkluderer med at det iallfall er rikeleg tilgang på oppdrag, og dei trives med arbeidet sitt. Da har det ingen hast med å bli pensjonist. Dei er faktisk mer bekymra for materialtilgangen, men håper at det går seg til etter kvart.