Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det blir mykje vêrbruk i nyttårshelga

Jon Olav Ørsal Sundag 29. desember 2024

 

Yr.no melder om «mykje vêr» rundt komande nyttårshelg.  Vi har allereie i dag fått ein forsmak med mykje vind, regn og sludd .  Og meir skal det bli – det vil fortsette med meir regn, som etter kvart går over i sludd og snø frå måndag 30. desember.  Det er sågar gult farevarsel for snø.

Frå søndag ettermiddag til måndag ettermiddag er det gult farevarsel for snø – skjermdump frå yr.no

Nyttårsaftan starter med snø, men det blir etter kvart opphaldsvêr utover kvelden.  Er vi heldige så får vi ein pause i vêrbruket utover kvelden, slik at vi får sendt opp rakettar og fyrverkeri – før det startar på igjen med snøvêr på 1. nyttårsdag.  

Avslutninga på gammelåret og starten på det nye ser altså ut til å bli kvit. Så sjølv om det ikkje vart kvit jul så ligg det altså an til kvit nyårsfeiring!

Publisert: 29. desember 2024, 11:38