No er det mai og tid for å pynte opp. I år blir feiringa av 17. mai, andre høgtidsdagar og maifestdagar annleis enn vanleg. Kanskje er det da ekstra viktig med litt pynt for å setje farge på maidagane? Sanitetsforeninga sel maiblomster, ikkje på Halsbua som vanleg, men ved bestilling på grunn av smittesituasjonen.
Slik er opplegget:
Todalen sanitetsforening sel maikransar og bilblomstrar som kan bestillast hos Maren Ansnes eller Kari Kvendset, tilbodet gjeld for Todalen og Nordvik. Dei bestilte maiblomstrane vil bli pakka i lukka plastposar og lagt i postkassane til dei som bestiller. Betaling skjer via VIPPS eller bankkonto. Salget er i gang og held fram til 17. mai.
Prisar:
Maikrans 50 kroner.
Bilblomster 100 kroner.
VIPPS-nummer: 101456
Bankkontonummer: 4025.33.17622
Merk betalinga med: Maiblomst.
For bestilling ta kontakt med på telefon:
Kari Kvendset 412 41 755
Maren Ansnes 906 86 907
Sal av maiblomster er ei viktig inntektskjelde for Sanitetskvinnene, både lokalt og sentralt. Inntekta går til arbeid for barn og unge.
Maiblomster har vore i salg I Noreg sidan 1909. Men svenskane var først ute, dei starta salget i 1907 etter ide av Beda Hallberg. Herman Wildenvey har skrive eit hyllingsdikt til Hallberg og Maiblomsten:
Et frø som falt i hjertenes jord
er blitt til blomster som villig gror
og vokser i millioner
av blanke blomsterkroner
Maiblomsten!
Og se i dens spor
blomstrer frelsen for folkehelsen!