Kulturavdelinga i Surnadal kommune vil også i år tilby barn og ungdom gratis sommaraktivitetar to veker i sommarferien. Det fekk vi orientering om på ein pressekonferanse på Surnadal kulturhus på tysdag morgonen. Det var leiar for Surnadal Frivilligsentral Sissel H. Storslett, friskluftkoordinator Trine Glåmen, leiar for ungdomsklubben Lars Sæther og biblioteksjef Gunhild Täringskog som hadde kalla inn pressa for å fortelje den gode nyheita.
Kulturavdelinga i kommunen har i år fått økonomisk støtte frå Bufdir til prosjektet, noko som gjer det mogleg å gjennomføre tilbodet om gratis sommaraktivitetar også i år. Aktivitetane er i år lagt til vekene 27 og 33, altså andre og siste veka av skuleferien.
Det er Frivilligsentralen, ungdomsklubben, biblioteket og helse- og familie som er tekniske arrangørar, og dei har laga eit innhaldsrikt program med mange forskjellege aktivitetar som til dømes riding, kino, gokartkøyring, diskgolf, bowling, kunstverkstad og mykje meir.
Målgruppa for gratis sommaraktivitetar er barn og ungdom i alderen 6 – 16 år. Somme aktivitetar har maks tal for deltakarar, og her er det «først til mølla-prinsippet» som gjeld. Meir informasjon og link for påmelding vil etter kvart kome på Surnadal kommune, Surnadal kulturhus og Surnadal bibliotek sine Facebooksider. Informasjon og påmelding vil også etter kvart kome på Surnadal kommune og Surnadal kulturhus sine heimesider.