Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det blir ei helg med mykje vêr …

Jon Olav Ørsal Fredag 10. oktober 2025

Etter kvart har vi vel vorte vant med farevarsel, og denne helga er det gult varsel for både mykje regn, flaumfare, jord- og flomskredfare og kartige vindkast. Utover ettermiddagen i dag har det regna jamt, og etter kvart har det og auka på med veståver.  Det har etter kvart ført til stor vassføring i heile todalsvassdrage.

Vassmålaren til NVE ved Storfossen var kl 11 i dag på rundt 10 m3/sek, men regnveret utover dagen i dag har ført til stor auke i vassføringa, som kl 17 i dag var kome opp på 47,9 m3/sek og den vil nok fortsette å auke utover.  Det som er kalla middelflaum (årleg flaumnivå) ligg på ca 72 m3/sek, så det er litt att før ein kan kalle det flaum. Nivå er for 5-årsflaum er 85 m3/sek.

Vêrvarsel for todalen dei komande dagane frå yr.no

 

Publisert: 10. oktober 2025, 17:28