Tysdag kveld gjekk vi oss borti eit kokkelag som hadde planlagt å prøve seg fram med produksjon av leverpostei av elglever. Dei fortalte at ideen var fødd da jaktlaget, Storli jaktlag, var på elgjakt på Terråk i Bindal kommune. Der har dei vore på elgjakt i mange år, og etter kvart har det vorte felt mange elgar og det har vorte mykje både elg- og hjortkjøt som skal foredlast. Dermed dukka ideen opp om å ta vare på innmaten og nytta denne i matproduksjon. Og da var heller ikkje ideen om å prøve seg på produksjon av leverpostei langt unna.
No var dei altså samla på kjøkenet på Asphaugen hos Ivar Hyldbakk for å prøve seg på 2 variantar av leverpostei. Den eine var ein dansk variant, og den andre ein italiensk variant. Den eine varianten var basert på elglever, kjøtdeig med løk og ei krydderblanding – medan den italienske varianten var basert på elglever, elghjarte og ei anna krydderblanding og sjalottlauk. Oppskrifta var henta ut frå internett og kanskje litt tilpassa «lokale råvarer». Arne Rudningen, som er jaktlagets svar på Arne Brimi, var leiar for trioen og det var tydeleg at det var han som var sjef på kjøkenet.
Kenwood’n vart påmontert kjøtkvern og dermed var det klart for å male opp både elglever, elghjarte, bacon, løk og så blande saman alle ingrediensane med fleire sortar krydder, fløyte og alle dei andre ingrediensane og elte dette godt. Arne sjekka at alt var kome med og så var det klart for å fylle opp aluminiumsformene og klargjere steiking. over tretti former vart fylt opp med prima farse for leverpostei med rundt 300 gram i kvar – passande størrelse hevda for bruk i heimen, hevda kokkane.
Etter ein times tid i vannbad på 150 grader var det tid for prøvesmaking – spenninga var stor når døra på steikeovne vart opna og ein kunne ta ut dei to prøveboksane – ein med dansk type og eden andre med italiensk type. Kven av dei to er best – ville det bli for sterk viltsmak eller leversmak? Var leverposteien passe salt eller passe krydra? Desse spørsmåla vart raskt løyst ut når prøvane kom på bordet og vi kunne kjenne smaken av nylaga leverpostei. Resultatet vart iga stor overrasking, for det vart delte meiningar om smaken – rett og slett kvar sin smak! Men begge variantane vart god på smak og da er det ikkje så nøye om den eine er betre enn den andre.
Bildegalleri frå Asphaugkjøkenet – alle bilder: Jon Olav Ørsal