Plana var å inspisere den store tømmerdrifta i Halanesset, men da vi stakk ein tur innom var det ingen aktivitet på lunningsplassen ved Romåbrua. Vi hørte heller ingen motordur, så vi mistenker at det var lunchpause og samlinge på ein eller anna plass oppi lia – foreksempel oppå Høgbakkan etter hjulspora å dømme.
Men vi fikk da nokre bilder, både frå lunningsplassen ved Romåbrua og rundt omkring. Ein tur til Brusetmarka og oppi Falla ga forresten betre oversikt over hogstfelta som maskinene jobba i. Det var sagt at det skulle forega skogsdrift her ut mars måned og kanskje meir og vi meiner å ha høyrt tal på hogstkvantum på 6-7.000 m3 med gran.
Vi legg ut nokre bilder no, og så får vi ta ein tur seinare for å treffe folk og få bilder av maskiner i drift.