Dei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon. Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene, med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna.
Tømmeret har vorte henta etter kvart og køyrt innover til Industrikaia det det er lagerplass i påvente av henting med båt for vidare transport. No er det berre opprydding og uthenting av siste rest etter hogstmaskinene som står igjen.
Det har vore mange hogstprosjekt i Todalen det siste året. Det starta året med eit større prosjekt i Halanesset, der fleire av skogeigarane nytta høved til å hogge det meste av den hogstmodne grana i området. I tillegg har det vore eit prosjekt på Hjellnes og eit i Øyalia tidlegare i sommar/haust. Det er Sollid Skog som har drive hogst i Todalen i år.
Fin utsikt er det også frå hogstfeltet ovafor Husby. Skogsvegen som gikk innover lia mot Hyllå (Ja-benken) er intakt også etter tømmerdrifta, slik at ein kan gå rundturen til denne trimposten – enten starte frå Husby og kome nedatt på Flathauan – eller ein kan gå den omvendte vegen og komen nedatt på Husby.