Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den store pizzadagen på Hageland

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. mai 2025

Komande fredag er den store pizzadagen på Hageland Surnadal – da er Kjell Arve Vikavoll hyra inn som pizzabakar, og han lover at vi skal få smake litt av kvart frå den vedfyrte pizzaomnen der det mesta er varmare enn i glohaugen.

Det kan bli over 400 varmegrader i steinomnen – da gjelder det å følge med på steikinga seier bakedama Aud Vegerstøl – her måler hun temperaturen med lasermåler . Foto Jon Olav Ørsal

Sist helg var bakedama Aue Vegerstøl her, og Kjell Arve har nok fått med seg nokre tips her, men å bake pizza den kan nok Kjell Arve frå før.  Han lovar at det skal bli både mykje smak og nye smakar – topp sausar med urter frå Hageland. Kjell arve kjem til å by på både kvit pizza med fisk og skaldyr, men også tomatbaserte sausar. 

Til helga kjem varmen – da blir det nok fart på blomstersalet seier Ine Andersen og Anita Talgø som reknar med storinnrykk. Foto Jon Olav Ørsal

I den vedfyrte pizzaomnen kan det faktisk bli over 400 grader, og da er det nok med 1-2 minutt i omnen – blir du for sein, så blir det «holmenkollbrød».  Kjell Arve startar dagen med ein runde med focaccia før det blir pizza i variasjonar.

Høgsesong for blomsterjord no seier Oddmund Jørgensen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. mai 2025, 06:00