Lokale handledagar er det kvar dag hos Matkroken Todalen. Det er nettopp nærbutikk og kvardagsbutikk som er funksjonen til butikken, og det sett bygdefolket pris på – det viste dem sist laurdag. Og det skulle da berre mangle, for vil vi ha butikk i Todalen som må vi bruke den. Det bør også «hytte-todalingan» ha i tankane – alle må bruke nærbuikken til dagleg handel.

Her serverer Lena Rovik Olsen marsipankake til Randi Gjeldnes – to store blautkaker gikk med i løpet av dagen…. Foto: Jon Olav Ørsal
Matkroken i Todalen er medlem i Merkurprogrammet og dermed deltakar i den årslege kampanjedagen for å få folk til å «handle heime». Merkurprogrammet har på fleire måtar ytt ein god del støtte til investeringar som er gjord ved butikken. Vi kan nemne nytt drivstoffanlegg med både bensin og diesel, nytt agregat med naudstrum til butikken, nytt kjøle- og fryseanlegg og nytt varme- og klimaanlegg i butikken. Alle disse investeringane er gjord for at butikken skal være attraktiv og konkurransedyktig.

…og kaffegjestane var mange som var innom i løpet av dagen. Frå venstre Arne Gjeldnes, Bjørn Hauglann, Jon Olav Roaldset, Bjørn Gunnar Ansnes og Per Gjeldnes. Foto. Jon Olav Ørsal