Den planlagte turen føstkommande søndag (4.1.) til Tjønnmyra blir flytta til Bæverfjord, melder kulturleiar Lilly Husby. Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange. Her finn du meir info om turen.
2015 er Friluftlivets år
Dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går i 2015 saman om prosjektet «52/17 Søndagsturen». Dette er ei nysatsning for å markere Friluluftslivets år i 2015, gjennom heile året. Kulturleiarar og helsekoordinatar i dei tre kommuane og Norsk Vandrefestival ønsker med dette å vidareføre den gryande interessa innbyggarane i dei tre kommunane har opparbeidd med tanke på å dra ut på tur. Siste års «Stikk ut!» viser dette med rette seier kulturleiar i Surnadal Lilly Husby. Målet er ikkje å komme seg på den strabasiøse toppturen, men legge tilrette for turglede og ha fokus på folkehelse for unge og vaksne i lag, på kryss av kommunegrensene