Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den første snøen er i rute!

Den første snøen er i rute!

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. oktober 2012

I løpet av natta og morgontimane kom den første snøen i Todalen. Frå morgonen var det ikkje meir enn at det så vidt dekte marka, men det har auka på utover dagen. Det har søna jamnt utover dagen, og det har også vore sterke vindrosser, slik at vi tidvis har hatt ekte vintervêr. Og vêrmelding på yr.no melder om meir snø utover dagen, og overgang til nordvest sludd og regn utpå fredag og regn når vi når fram til fredag kveld. laurdag meldes det også både regn, sludd og snø utan at det er i store mengder.

Og snøen den er i rute, for brøytarane kjørte dei første brøyteturane 25. oktober i fjor også. Den første snøen er alltid glatt, og det er lurt å kjøre forsiktig dersom du skal ut med bilen.

Frå søndag er det meldt om opphald, men framleis kaldt vær med søraustleg vindretning heile veka. Det kan bli bitande kaldt, med temperaturar ned mot -9 til -13 grader i perioden frå søndag til tysdag. Seinar i uke skal det bli mildare igjen.  Så spørs degt om yr.no og Storm.no treffer på med meldingane sine?

Publisert: 25. oktober 2012, 19:48