Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den første snøen – ein liten forsmak på vinteren

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. september 2024

Natt til onsdag kom den første snøen, med litt snø på toppene. Sist natt kom det påfyll, og det var vel registrert snøfall ned til rundt 400 meter, eller der omkring.  Når det klårna opp fekk vi sjå at det egentleg var ein forsmak på vinteren som vi nok må rekne med når vi no snart skriv oktober. 

Grinaren, Skjeringfjellet og Snøfjellet sett frå Kvennset – her ligg det nok snø ned til tristeinan og kanskje enda litt lenger ned. Foto Jon Olav Ørsal

Det var nok ei lita påminning om at ein må finne fram vinterdekka og gjøre seg klar til ein vintersesong – om ein vil eller ei.  Vi tok ein liten runde med kamera for å dokumentere snøfallet, men vi håpar samtidig av det blir med dette i første omgang.  

Publisert: 26. september 2024, 11:57