Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den første nordmøringen kom for 11 000 år sia!

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2024

Som ein del av programmet for «Midtsommar i Surnadal» bydde Nordmørsmusea på foredrag på Åsen Bygdemuseum torsdag kveld.  -Tema for foredraget var Fosnakulturen og det store spørsmålet var sjølvsagt kvar den første nordmøringen heldt til. 

Slik budde kanskje dei første nordmøringane – Illustrasjon Nordmørsmusea.

Jarle Stavik som er arkeolog og konservator i Nordmørsmusea er til dagleg å finne på Leikvin, men delte altså mykje kunnskap om fosnakulturen med oss, og heldt eit interessant foredrag om dette temaet.  Han konkluderte med at det har budd folk i Surnadal til «alle tider», men at det i flatbygda er gjort få funn på grunn av at elva har flomma over og øydelagt nærast alle spor.

Sentral i undersøkingar på Nordmøre var geologen Anders Nummedal som starta i 1909 og gjorde mange funn frå steinalderen rundt omkring – spesielt var det gjort mange funn på ytre Nordmøre, slik som på Averøya, Kristiansund, Halsa, Smøla og andre plassar.  Altså lite i breibygda i Surnadal, men derimot ein del i Rindal, der strandsona gjekk omtrent i Rindal sentrum.Etter istida flytta steinalderfolket raskt oppover kysten, og det er altså gjort mange funn etter dem.  Her på Nordmøre er det gjort funn ved Reinsvatnet i Sunndal som er av dei eldste.  Dette var etterkomarar etter folk som har budd i Sør-Europa i 30.000 år, og var vel eigentleg spanjolar er noko slikt. 

Stavik viser kart over Surnadal – eldste buplassen er i Torvika og er rundt 11.000 år Foto Jon Olav Ørsal

Steinalderbuplassane var oftast lagt til lune viker, der ein kunne finne litt ly for vêr og vind. Her var det gjerne ferskvatn å finne.  Mykje av funna som er gjort etter steinalderfolka er flint – enten som reiskap eller som råvare for utstyrproduksjon.   Flint finns ikkje naturleg i Norge, så det er nok kome frå Danmark eller Sverige på turen nordover. I dag er dei fleste funna gjort rundt 50 meter over havnivå – dette har nok si årsak i landheving.  I Kristiansund vart det gjort mange funn i samband med bygging av flyplassen på Kvernberget.

Nils Magnar Torvik har gjort mange funn – foto Jon Olav Ørsal

Den første Nordmøringen budde i Torvika?
Dei aller eldste buplassane som er funne på Nordmøre er lokalisert til Torvika. Her er det gjort funn som tyder på at det her var buplassar alt for 11.000 år sia, og Stavik trur at det er av dei eldste steinalderbustadene både på Nordmøre og kanskje til og med i Nasjonal samanheng.

Nils Magnar Torvik hadde med seg ein heil kasse med flintstein som han har funne i Torvika. Foto Jon Olav Ørsal

 Litt artig var det at Nils Magnar Torvik har gjort mange funn av både flint og anna ting. Funna i Torvika er gjort ca 60 meter over havet og ganske konsentrert på ein smal tange.  Han hadde med ein heil kasse med flintfunn som er gjort i Torvika og har etter kvart vorte veldig interessert i dette og teke vare  på alle funna som han har gjort.  Som Nils Magnar sa: «Det har vore mange her før oss, og eg håpar at det også kjem folk etter oss». 

 

Først publisert: 21. juni 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 20. juni 2024, 21:51