Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den farlege ryddeprosessen er igang

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. oktober 2025

Ordførar Hugo Pedersen åtvara mot at folk sjølve skal starte rydding av trefall etter stormen «Amy» som herja i helga.  I dag starta ryddearbeidet i stranda utafor Todalshaugen med mannskap frå Veidekke og Svorka som var forsterka med gravemaskin med tømmerklo og hogstmaskin/lastbærar med Lars Bjarne Mauset attafor spakane.

Lars Bjarne Mauset var henta inn frå hogstarbeid på Kårvatn med si hogstmaskin – Asbjørn Gjøvik frå Alf Engen sørga for transport. Foto Jon Olav Ørsal

Jobben i dag blir å rydde både langs vegen og langs kraftlinja – tømmer og buskas som berre var rydda ut av vegbanen for å få opna vegen så snart som muleg.  I dag vil det tømmer og buskas bli rydda og køyrt vekk, samtidig som dei skal ta vekk tre som står klare for fall i neste storm.  

Nokre tre stod for fall ved neste storm – disse vart rydda vekk samtidig med oppryddinga. Foto Jon Olav Ørsal

Det lønner seg difor å være litt oppmerksam på at det innimellom kan bli litt ventetid utover dagen, men vegen er ikkje stengt i samband med ryddearbeidet.  Da er det lurt å legge inn litt ekstra tid dersom du skal nå ferja – eller har time hos tennlegen.  

 

Først publisert: 7. oktober 2025, 11:18 - Sist oppdatert: 8. oktober 2025, 10:21