I løpet av natta har vi skifta ham frå haust til vinter! Den første snøen er komen, og brøytaren har kjørt sin første tur rundt bygda. Nysnøen er blaut og glatt, så det er all grunn til å åtvare deg som skal ut med bilen om å køyre forsiktig. Dersom vi skal sammenlikne med fjoråret, så er vi informert om at første brøyteturen var allereie 25. oktober.
Meldingane vidare framover tyder på at det vil gå over i regn, så vi kan vel rekne med at den snøen som er komen no vil smelte bort i regnet. På kysten er det meldt tildels store nedbørsmengder fram til måndag. Vêrmeldinga for Todalen finn du her på yr.no.