Søndag 1. mai arrangerer Solvor L Øyen og Inga Husby demoparty for ulike produkt dei sel. Solvor er vel kjent for dei fleste med sine Tupperwareprodukt, medan Inga kanskje ikkje er riktig så kjent for sine salgsvarer. Ho er no forhandlar for produkt innan velvære, fitness og kosmetikk i kjeda Forever Living.
Damene lovar også servering av ettermiddagskaffe for den som tek turen innom Skulstua mellom klokka 16-19.