Vi sette rekord i fjor, da vi fikk i 96.000 til demensaksjonen i Surnadal kommune. I år satsar vi på ny rekord igjen, og da håpar vi på over 100.000 seier leiar Liv Botten i Surnadal Helselag og Demensforening. I år som tidlegare år får ho god hjelp av Surnadalsrussen som blir med på innsamlingsaksjonen og kjem på alle dører i kommunen tysdag eller onsdag i neste veke.
Demensaksjonen her i kommunen er eit samarbeid mellom Surnadal Helselag og Demensforening og Åsskard Helselag, og Liv Botten og Anne Lise Skralthaug understrekar kor viktig det er å få inn midlar til demensarbeidet. pengane frå innsamlingsaksjonen går både til forskning og lokalt arbeid, så dei oppfordrar folk til å ta vel i mot bøssebærarane. Dersom du ikkje møter bøssebærarane kan du likevel bidra til demensarbeidet og gi pengar til kto 1644 08 46673 eller gjennom å sende kodeordet SAMMEN til 2216, og på den måten gi 50 kroner til aksjonen.