Den årlege demensaksjonen står for døra, og neste veke står Surnadal demensforening og helselag i samarbeid med Rindal demensforening som arrangørar av årets aksjon. Tysdag møtte dei to leiarane Surnadalsrussen for å brife mannskapet til årets innsamlingsaksjon som går av stabelen i neste veke.
25 år med demensaksjon
Årets demensaksjon er faktisk nummer 25 i rekkja, og Surnadalsrussen har «hengt med» mesta like lenge, fortel Liv Botten frå Surnadal demnsforening og helselag og Bettina Røen Helgetun i Rindal demensforening. Vi har funne ut at dei har sala inn mesta 1 700 000 på desse åra i fjor vart sluttsummen 135.000 da aksjonen var ferdig. Det blir pengar av slikt, seier Liv og Bettina.
70% av innsamla midlar går til forskning – i år er det forskning på barnedemens som får nyte godt av dei innsamla midlane. Resten, som utgjer 30 % går til lokalavdelinga sine aktivitetar. Det har vore forska mykje på demens gjennom mange år, men ein har ikkje klart å «knekke koden» enno, så forkninga fortsett vidare.
Russen kjem på døra di
Neste veke – måndag 15. september til og med 17. september vil Surnadalsrussen kome på døra di – innsamlingsaksjonen varer i 3 dagar til ende. Dersom du ikkje er heime når russen kjem på døra, så kan du bruke Vipps. Vippsnummeret for Surnadal demensforening og helselag er 709 094 og for Rindal demensforening er nummeret 610 025.

Demens er komplisert – her trengs det mykje forskning for å «finne koden» til demens/alzheimer. Foto Jon Olav Ørsal
I dag er det faktisk 100 000 som lever med demens – og talet berre aukar! Ein reknar med at dette talen blir dobla fram til 2040, og stadig fleire unge får det. Difor er det så viktig at dette er satsingsområde og at det blir gjort ein stor forskningsinnsats.
Ta vel i mot bøssebærarane som kjem på døra di neste veke – gje ditt bidrag og vær med og støtte forskningsarbeidet som blir gjort.