Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Demensaksjon i neste veke – får hjelp av Surnadalsrussen

Jon Olav Ørsal Fredag 16. september 2022

I neste veke – frå 19. – 23. september – gjennomføres årets demensaksjon.  I Surnadal er det Surnadal demensforening- og helselag som er arrangør, medan det i Rindal er Rindal demensforening og i Åsskard er Åsgard helselag.  I Surnadal startar dei aksjonen måndag 19. september og dei næraste dagane kjem det folk på døra for å samle inn pengar.  På same måte som tidlegare har Surnadal demensforening og helselag fått god hjelp av Surnadalsrussen og i år er også 10-klassen med som driv med omsorgsfag.  

Det var Bettina Røen Helgetun og Borghild Husby Kvande som orienterte elevane om opplegget og førebudde dei på jobben som startar måndag kveld.  Arbeidet med demenssjukdomane er stadig meir aktuelt – vi blir stadig fleire eldre, og dermed blir det fleire som blir sjuke.  Det kan være både Alszheimer og andre sjukdomar, og det er stort behov for å drive forskning og lære meir om korleis ein taklar folk som er dement.  Når nokon får demenssjukdom påvirkar det faktisk livet til heile familien – og det er faktisk betenkeleg at det er mange som får dette alt i 40-årsalderen. I Norge er det rundt 100 000 som er demnssjuke i dag, og ein reknar med at ddete talet doblar seg i tida fram til 2040.

Det er faktisk ingen kur som i dag kan kurere demenssjukdom – difor er det så viktig å drive forskning på sjukdomen, slik at ein kan finne måtar å bremse utviklinga i sjukdomen eller kanskje sågar å kurere den.  Men dette er nok langt fram enno.  

Som sagt så kjem elevane på døra med innsamlingsbøssa i neste veke.  Da kan du gje pengar og putte på bøssa, eller du kan betale med Vipps 709094  eller du kan bruke bankgiro og betale direkte inn på bankgiro nr 1644 08 46673.  Du kan også bruke SMS ved å sende kodeordet SAMMEN til nr 2216 – da gir du kr 50 til forskningsarbeidet.

Raud vest blir eit kjenneteikn når elevane skal rundt med innsamlingsbøssene. Borghild Husby Kvande er styremedlem i Surnadal demensforening og helselag. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. september 2022, 12:34