Onsdag kveld var det bokstaveleg full stopp i Halsasvingen. To repreresentantar frå det lokale lensmannskontoret, med refleksvestar og lysande raudt signal beordra stopp. Her var det berre å stoppe og finne fram med førarkort og vognkort i mørket. Og så vart det blåsing i alkometeret….
Slapp gjennom nålauge og fekk kjøre vidare etter at både førarkort, vognkort og inngrediensane i blodet var godkjent. Tangerte forresten Jahn Teigens MGP-resultat, med 00 i promilletesten! Da dei to politibetjentane Sara Juul og Tor Hansen avslutta kontrollen for kvelden var ingen mistenkt verken for promillekjøring, kjøring utan førarkort eller kjøring utan vognkort. Men ein bil vart avskilta i løpet av kveldens kontroll.