Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Deltok i VM i mountainrunning i dei Spanske Pyreneane

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2025

Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping som begge representerer Trollheimen Fjellsportklubb og juniorlandslaget i randonée var uttekne som ein del av den norske troppa til VM i mountainrunning som i helga går i Canfranc i Spania.

Isak gjorde ikkje skam på dei Norske fargane, og hamna til slutt på 17.-plass i klassen U20 Menn. Det var han nok godt nøgd med det. – Det var 80 deltakarar i kl U20 menn i dag Foto Trollheimen Fjellsportklubb

Aron vart dessverre sjuk, og måtte melde forfall til dagens løp, men Isak gjorde ein god innsats for å forsvare dei norske fargane i klassen U20 Men.  Han kom godt i gang heilt frå start, og passerte første mellomtid på 19.-plass med klarte å ta seg inn til neste passering og endte ved målgang på ein 17.-plass. Det trur vi han er godt nøgd med, etter som det var 80 startande i U20-klassen.

isak på veg ned mot målområdet – og holder koken inn til 17.-plass i sin klasse. Foto randoneelandslaget

Isak kom i mål på tida 36,30 som er 4,52 etter vinnartida til Titus Musau på 33,09. Dei tre besteplasseringane gikk alle til Uganda, medan 4 og 5.-plassen gjekk til Sveits.

Publisert: 28. september 2025, 11:19