Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Deltek på VM i Italia

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. august 2023

Saman med det norske landslaget er Aron Rodal og Erik Kårvatn på plass for å delta i VM i Skyrunning. VM arrangerast i Gran Sasso i Italia i perioden 4.-6. august, og her er det deltakarar frå 31 land. 

Her har vi heile det norske landslaget som er i Italia på VM i Skyrunning. Foto TFK

Herifrå er det to deltakarar som representerer Trollheimen Fjellsportklobb, der Aron stiller i klasse A og Erik i klasse C.  Fredag var det vertikal som stod på programmet – eit 3,8 km  med 1033 meter stigning.  Aron endte på ein 4. plass, medan Erik endte på ein 12 plass i sin klasse. 

VM avsluttes søndag med Skyrun, der Aron skal løpe 10 km med 1100 meter stigning, medan Erik skal løpe 23 km med 2226 meter stigning – tøffe tak med andre ord.   

Publisert: 5. august 2023, 20:22