Har du problem med å få kontakt i Todalen på din Telia mobil, så har det nok sin natulege forklaring. Det ser ut til å være basestasjonen på Halset som har problemer av ein eller anna grunn. Vi har vore i kontakt med Telia kundeservice som påstår at det ikkje er dekningsutfall – men kontakt har vi iallfall ikkje.
Telia har ikkje teknisk personell på jobb før måndag, så vi kan vel ikkje rekne med at det skjer så mykje før det blir kvardag igjen. Telia har iallfall fått beskjed – kanskje det hjelper dersom fleire ringer og maser på dem?
Normal drift igjen...
I løpet av ettermiddagen ser Telia ut til å være attende i normal drift igjen ved basestasjonen i Todalen.