Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dei yngste var best

Sondre Halset Sundag 1. mars 2015

I går var det ei ny utsending frå todalen.no som tok turen på Skihytta for å ta tempen på stemninga på tidlegare annonsert skiskyttartevling.

Ved ankomst var det full konsentrasjon rundt radioen, for to nye norske gull skulle ikkje gå dei forbi. Etterpå var det duka for den tradisjonelle skiskyttartevlinga. Dette innebar skot på blink , skispurt på 200 meter og dermed 5 nye skot. Engasjementet var stort, både med skytinga men og i skiløypa. Vi fikk til og med oppleve spurt mellom Nordvik senior og junior. Senior konstaterte at han gav alt på innspurten i løypa, men at andre skyting gikk direkte ått skogen, bokstaveleg talt…

Til kvelds vart det servert ein fenomenal treretters middag, etterfulgt av finale i Raudsjeggmeisterskapet.

Under eit galleri frå skiskytinga. Foto Sondre Halset.

Publisert: 1. mars 2015, 12:44