Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dei to hadde nok mykje å snakke om…

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2023

Dei fann lett tonen dei to løparane – Håvard Gjeldnes var akkurat komen i mål på Ræta Opp, og OL-løparen John Boulter som var publikum på Bordholmen laurdag.  John har nok lagt løparskoane på hylla, men han har mange meritter å vise til.  John og kona Sallie er no på besøk hos Odd Arild Sande på Nordvik, og han har sendt oss nokre ord om John og deira vennskap. 

I e-posten skriv Odd Arild:  «John Boulter er ein venn av oss. Eg vart kjent med familien da eg bodde heime hos dei i England i to veker i 1969. Da var han ein aktiv friidrettsmann og trena da for å kvalifisere seg til EM i friidrett i Athen i 1969. Han hadde tidlegare sprunget 800 og 1500 m i OL for England både i Tokyo  og Mexico, og har hatt den engelske rekorden både på 800, 1000 og 1500 meter.

Vi fekk kontakt igjen i 2017 da vi besøkte dei i Savern (Frankrike – nær Strasbourg), nesten 50 år etter at eg bodde hos dei sommaren 1969. Etter endt karriere flytta familien til Frankrike kor John begynte å arbeide for Adidas. Jobben var på reise verda rundt på store sportsstevner og promoterte Adidas. John har og vore aktiv administrator innan friidretten, mellom anna var han med og arbeide for at sommar-OL vart lagt til London i 2012. Da vi feira John sin 80-årsdag i mai i fjor (den var utsett pga korona), var Thomas Bach (IOC  presidenten) ein av dei ca 50 gjestane.»

No er John og kona på besøk på Nordvik hos Odd Arild og Eva eit par veker.  

 

 

Publisert: 2. juli 2023, 11:33