Det er alltid knytt stor spenning til starten på ein ny sesong for laksefiske. I natt ved midnatt starta årets sesong i Toåa, og det var nok venta at det skulle bli resultat ganske fort, ettersom det er fin fiskarelv med rundt 20 m2/sek på Storfossen i går kveld. Deit første timane gikk og laksebettet såg vi lite til dei første timane. Men rundt lunchtida i dag var det resultat, da Nils Harald Øyen Kvande tok ein på 5,39 kg i Nedre Oddøyhølen og omtrent samtidig tok Erik Evavold ein på 3,5 kg i Båthølen – ein kilometer lenger oppe i elva.
Begge to ser ut til å være villaks, og det var litt lus på begge laksane som no altså er komne på land. Det er fleire som har rapportert at vatnet i Toåa er i kaldaste laget – det var snakk om 5-6 grader i natt. Det er nokså mykje snø i fjellet, så det pågår nok snøsmelting som enno påverkar temperaturen. Elveeigarlaget har alt solgt dei fleste fiskekorta dei par første dagane av laksefisket, medan det enno var nokre stenger ledig hos Todalshytta i dag tidleg.
Nils Harald fortel at han har base hos bestefar og bestemor på Hjellå når han fiskar i Toåa. Nils senior var nok ein habil laksefiskar tidlegare og Nils Harald fortel at han og bestefar har kampert mykje i lag i Toåa i barndommen. Nils Harald var godt nøgd med dagens resultat, og fortalte at det var nokre få lus på laksen han tok på land.