Da har dei første dosene med Koronavaksine kome til Surnadal, og vaksineringa tek til torsdag morgon. Så langt har Surnadal kommune fått tildelt 25 doser av vaksina, men når leveringa no har begynt, vil det bli levert nye doser fortløpande, slik at vaksineringa kan gjennomførast på ein effektiv måte. «Dette er ein merkedag, sjølv on antal doser er berre 25 stk», seier leiande helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske.
Elnes Fiske har ansvaret for mottak og fordeling av koronavaksinene i Surnadal kommune. Den første dosa blir sett på ein bebuar ved Surnadal sjukeheim torsdag 7.januar. Etter dette skal alle dosene settast i raskt tempo, slik at verken tid eller vaksine går til spille.
Surnadal kommune understrekar at dei ikkje har opna opp for bestilling av Koronavaksinering for befolkninga enno, men at dette blir kunngjort etter kvart. Meir informasjon og oversikt over Koronavaksineringa så lang i Surnadal kommune finn du her: Koronavaksinering