Dei første basestasjonane som Surnadal og Rindal beitelag skal plassere ut i samband med «Gjetargut»-prosjektet er no komne på plass. 4 av dei 11 stasjonane er plassert ut og er klare for drift. Torsdag kveld var det transport til Rambjøra og montering av utstyret der.
Vi har hatt det travelt med å få ut utstyret medan det er skuterføre i fjellet, seier Per Åke Jakobsson som er ein av initiativtakarane til prosjektet, og som er med på utkjøring og motering av dei 11 stasjonane som skal dekke det meste av fjellområdet på Surnadal- og Rindalssida av Trollheimen. Transporten til Rambjøra gikk greit med snøskuter og det gjorde også monteringsarbeidet. No er stasjonen på Rambjøra klar for drift og fredags kveld er det Økjeskarsfjellet i Kvennsetdalen som står for tur.
Jakobsson fortel at det gjekk såpass lang tid før alle søknader og løyver vart behandla at det vart litt travelt i innspurten. Slik av det faktisk bra at vi fikk eit ekstra snøfall og litt meir tid for å få opp alle sendarane som skal opp – no ligg vi bra an for å få dette til.