Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dei 3 første laksane er komne på land – Siste: storlaksen «på bett» no!

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juni 2020

I løpet av morgonen og føremiddagstimane er dei første laksne komne på land i Toåa. Først ute var nok Frank Hauggrim med ein laks på 3,3 kg, men hakk i hel sørga Per Ørsal og Rune Holtberget for kom det to til på 3,5- og 5,2 kg. Fine villaks av beste slag – dei to minste er tekne i Raudåhølen, medan Holtberget tok den største i nedre Teinhølen – rett ovafor Brusetbrua.

Vi må ty til arkivfoto for å få bilete av Frank Hauggrim. I år som fleire år før har han vore først ute med å få på land laks i Toåa. Denne laksen er frå 2017, og er på 8,5 kg, medan årets laksepremiere var «bare» på 3,3 kg. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Laksefisket i Toåa starta ved midnatt og går i to månader til og med 15. august.  Midt i sesongen er imidlertid elvaeigarlaget pålagt å ta ein midtsesongevaluering for å vurdere resultatet etter «halvgått løp».  Med eit slik resultat er det klart at det sår optimisme med tanke på årets sesong, og akkurat no er det perfekte forhold for fiske. Både vassføring på rundt 35 m3/sek og vasstempeeratur på 8-9 grader borgar for godt fiske utover juni.  Det er mykje snø att i fjellet, og det skal kunne gi ei perfekt vassføring langt utover sesongen, sjølv om det ikkje blir noko vesentleg nedbør. 

Siste frå elva:
I kveldstimane rapporteres det om godt bett i Toåa!  Det er iallfall komne på land to storlaks som vi kan bekrefte – ein på 7,8 kg og ein på 9,75 kg.  Muligens er det flere små- og mellomlaks. Det skal vi prøve å skaffe oss oversikt over etter kvart.   

 

Publisert: 15. juni 2020, 15:15