Todalen Sanitetsforening driv no med førehandssalg av loddar på eit fint maleri dei har fått til utlodding med kunstnaren Ingun Redalen White. Trekkjinga skjer på adventskafeen i Sanitetshuset den 9. desember. Da Todalen.no var innom Matkroken L.Hals var det ledaren i Todalen sanitetsforening, Åse V. Redalen som sørga for loddsalg til iherdige kjøparar.

Kunstverket heiter «Death by Dior» og er laga i velkjent stil for Ingun. Vil du ha dette fine måleriet på veggen, så er det berre å kjøpe lodd, for du aukar nemleg sjangsen til fleire lodd du kjøper, samtidig som du støttar den aktive sanitetsforenings sitt arbeid i bygda.