Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dataparty med våkenatt

Elinor Bolme Sundag 17. mai 2015

Fredag kveld var ein gjeng 4H-arar samla i Skulstua på dataparty, også kalla LAN. Flest gutar, men eit par jenter hadde rigga seg til i gammelskulen med alskens datautstyr, headset, spelekonsollar og lystette gardiner. Her skulle seine kveldstimar overvinnast, for ingen hadde planer om å sove nevneverdig. Nokon hadde rett nok teke ein ettermiddagslur for å halde ut heile natta, noko som var rett så lurt.

Klubbrådgjevar Ragna Kvendset var med heile natta og såg til at alle hadde det bra. Og ho melder om at nokon dubba kanskje litt, medan andre klarte å være vakne heile natta.

image

Spillstasjonane var mange og varierte.

 

image

Henrik, Kristian og Erik er klare for ei natt med berre spelling, utan formaningar og mas av vaksne.

 

image

Ragna Kvendset hadde serveringa under kontroll. Felles frokost var planlagt på laurdag. DETTE er ikkje frokosten….

 

image

Altmuligmann og klubbrådgivar Jon Olav Roaldset er alltid grei å ha under slike tekniske arrangement.

Ellers er 4H klubben no ganske så aktiv. Kvar onsdag møtes dei til medlemsmøter i Skulstuå. Dei har også vore på tur til kraftstasjonen i Folldal, der med Jostein Bruset som kjentmann. Her satsar vi på at det om tid og stunder kjem eit lite reisebrev. Under Todalsdagen kjem dei til å rigge til ein stand på Bordholmen. Der vil dei markedsføre seg med å vise kva dei driv med i løpet av eit 4H-år.

Dei planlegg også ein overnattingstur til gapahuken i Gunnøya i løpet av våren. Denne er naturlegvis litt veravhengig, så noko kort varsel lyt beregnast for medlemmene. seier kubbrådgivar Ragna Kvendset.

 

Først publisert: 17. mai 2015, 06:34 - Sist oppdatert: 16. mai 2015, 22:11