Dagens gudstjeneste var av det allsidige slaget, og det var godt oppmøte på Marias Bodskapsdag. Prest Bernt Venås hadde også i dag god hjelp av både konfirmantar og kyrkjetenar Ildri Sjøland Øyen i fleire ulike handlingar gjennom gudstenesta. Konfirmantane tek i stor grad del i ulike ting i gjennonm gudstenesta, som ein del av den obligatoriske konfirmasjonsopplæringa.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2015/03/image24-345x300.jpg)
Konfirmant Emma Sæther, prest Bernt og Ildri framførte dagens tekst om den barmhjertige samaritan. Organist Bernt Bøe viser illustrasjonar under lesinga.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2015/03/image25-400x300.jpg)
Deler av denne spretne gjengen fekk utdelt 6-årsbok. Her er det framføring av «Så pynter vi vårt hus til fest» med Ildri som oppsongar.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2015/03/image27-400x300.jpg)
Eivind Grønmyr og Bernt Venås tykte serveringa av Todalen sokneråd var overlag, med både stor blautkake og bakels og græt.